[email protected]


Logo
Bli medlem
Kontakt oss

LOVNORM FOR IDRETTSLAG

Vedteken av Idrettsstyret 131223 med ikraftsetjing 010124.

Custom image

Lov for Eldar Idrettslag

Skipa i 1949, og nystifta i 1964

Sist endra 16.10.2010.

Vedtatt på årsmøtet den 10.mars 2024

§ 1 Føremål

Føremålet til idrettslaget er å drive idrett organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Arbeidet skal vere prega av frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på dei verdiar som er vedteke av Idrettstinget.

§ 2 Organisasjon

(1) Idrettslaget er sjølveigande og frittståande med berre personlege medlemmar.

(2) Idrettslaget er medlem av Noregs Fotballforbund, Noregs Skiforbund, Noregs

Skiskyttarforbund og Noregs Rugbyforbund. For reglar om plikta idrettslaget har til å vere

medlem av eit særforbund gjeld NIFs lov § 10-1 (4).

(3) Idrettslaget er medlem av NIF og dermed tilslutta Vestland Idrettskrets og Voss

Idrottsråd.

(4) For reglar om representasjonsrett gjeld NIFs lov § 10-3 (1).

(5) For reglar om plikta idrettslaget har til å halde regelverket og vedtaka til overordna

organisasjonsledd gjeld NIFs lov §§ 2-2 og 2-3.

§ 3 Medlemmar

(1) For reglar om opptak av medlemmar, utmelding, fråtaking av medlemskap m.m. gjeld

NIFs lov §§ 10-4 og 10-6.

(2) For plikta idrettslaget har til å registrere opplysningar i medlems- og

organisasjonsregisteret til idretten gjeld forskrift om medlems- og

organisasjonsregisteret til idretten, jf. NIFs lov § 10-5.

§ 4 Kjønnsfordeling

For reglar om kjønnsfordeling i styre, utval m.m. og ved representasjon til årsmøte/ting i

overordna organisasjonsledd gjeld NIFs lov § 2-4. For idrettslag med omsetnad og

medlemstal under terskel fastsett av Idrettsstyret er det tilstrekkeleg at begge kjønn er

representerte i styrer, utval m.m. og ved representasjon til årsmøte/ting i overordna

organisasjonsledd.

§ 5 Generelle reglar om stemmerett, kvalifisering til val, forslagsrett m.m.

For reglar om stemmerett, kvalifisering til val og forslagsrett gjeld NIFs lov §§ 2-5, 2-6

og 2-7.

§ 6 Inhabilitet

For reglar om inhabilitet gjeld NIFs lov § 2-8.

§ 7 Vedtaksførleik, fleirtalskrav og protokoll

For reglar om vedtaksførleik, fleirtalskrav og protokoll gjeld NIFs lov § 2-9.

§ 8 Refusjon av utgifter og godtgjering

For reglar om refusjon av utgifter og godtgjering gjeld NIFs lov § 2-10.

§ 9 Regnskap og revisjon m.m.

For reglar om rekneskap og revisjon m.m. gjeld NIFs lov §§ 1-7, 2-11, 2-13 og 2-14. For idrettslag

med omsetnad og medlemstal under terskel fastsett av Idrettsstyret gjeld ikkje kravet om

underslagsforsikring.

§ 10 Årsmøtet og årsmøtevalde organ

(1) Årsmøtet er det høgaste styringsorganet i idrettslaget, og det blir halde kvart år innan

utgangen av mars månad.

(2) Ordinært og ekstraordinært årsmøte blir gjennomført i samsvar med denne lova og NIFs

lov §§ 2-15, 2-16, 2-17, 2-19, 2-20.

(3) Oppgåvene til årsmøtet:

1. godkjenne dei som har stemmerett

2. velje dirigent(ar)

3. velje protokollførar(ar)

4. velje to medlemmer til å skrive under protokollen

5. godkjenne forretningsordenen

6. godkjenne innkallinga

7. godkjenne saklista

8. behandle årsmeldinga frå idrettslaget

9. behandle

a. rekneskapen til idrettslaget

b. den økonomiske meldinga frå styret

c. eventuell melding frå kontrollutvalet

d. eventuell melding frå engasjert revisor

10. behandle andre saker som kjem fram av godkjend sakliste

11. fastsetje

a. medlemskontingent på minst kr 50

b. eventuell treningsavgift, eller gi styret fullmakt til å fastsetje treningsavgifter

12. vedta budsjettet til idrettslaget

13. behandle organisasjonsplanen til idrettslaget

14. Dersom idrettslaget har omsetnad og medlemstal over terskel fastsett av

Idrettsstyret, velje:

a. styre med leiar, nestleiar og [tal, minst éin] styremedlem(mer) og [tal]

varamedlem(mer)

b. kontrollutval med leiar og [tal ,minst éin] medlem(mer) [og [tal]

varamedlem(mer)]

c. representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda der idrettslaget har

representasjonsrett, eller gi styret fullmakt til å utnemne representantane

d. valkomité med leiar, og [tal, minst éin] medlem(mer) og [tal, minst éin]

varamedlem(mer)

e. eventuelt andre val i samsvar med organisasjonsplanen til idrettslaget

Dersom idrettslaget har omsetnad og medlemstal under terskel fastsett av

Idrettsstyret, velje:

a. styre med leiar, nestleiar og [tal, minst éin] styremedlem(mer) [og eventuelt

[tal] varamedlem(mer)

b. representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda der idrettslaget har

representasjonsrett, eller gi styret fullmakt til å utnemne representantane

c. eventuelt andre val i samsvar med organisasjonsplanen til idrettslaget

Valperiode:

«Etter lovnorma skal alle tillitsvalte veljast på kvart årsmøte. Dersom idrettslaget ynskjer

lengre valperiodar enn til neste årsmøte, og ev. overlappande valperiodar, må dette

regulerast i loven.» Henta frå Veileder lovnorm for idrettslag.

Årsmøte til Eldar IL 10.03.2024 har vedteke at valperioden for styremedlem er 2 år, med

overlappande valperiodar. Ved særskilte høve kan årsmøte gje unntak for denne regelen.

Styreleiar for Eldar IL blir valt for 1 år. Nytt medlem i valkomité blir valt for 3 år.

Eventuelt avgjere om det skal engasjerast revisor til å revidere rekneskapen til

idrettslaget

Leiarar og nestleiarar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemmene skal veljast samla.

Deretter skal varamedlemmene veljast samla. Der det blir valt fleire varamedlemmer,

skal det veljast 1. varamedlem, 2. varamedlem osv.

For reglar om stemmegivinga på årsmøtet gjeld NIFs lov § 2-21.

(4) [For reglar om kontrollutvalet gjeld NIFs lov § 2-12. [Kontrollutvalet arbeider i samsvar

med eigen instruks som er vedteken av årsmøtet.]

(5) [For reglar om valkomiteen gjeld NIFs lov § 2-18. [Valkomiteen arbeider i samsvar med

eigen instruks som er vedteken av årsmøtet.]

§ 11 Styret i idrettslaget

(1) Idrettslaget blir leidd og forplikta av styret, som representerer idrettslaget eksternt.

(2) Styret er den høgaste styresmakta til idrettslaget mellom årsmøta, men visse avgjerder

kan berre vedtakast av årsmøtet i samsvar med § 10 (3) og NIFs lov § 2-22.

(3) Forvaltninga av, og tilsynet med, alle delar av idrettslagsverksemda høyrer under styret.

Styret skal sørgje for

- at formålet med idrettslaget blir oppfylt

- at idrettslagsverksemda og økonomistyringa er forsvarleg organisert

- at avgjerder vert tekne i samsvar med regelverket og vedtaket til overordna

organisasjonsledd, lova til idrettslaget og årsmøtevedtaket

- at det blir registrert opplysningar i samsvar med § 3 (2)

- at det blir utnemnt ein ansvarleg for politiattestordninga, dersom idrettslaget

organiserer idrett for mindreårige eller personar med utviklingshemming

- at det blir utnemnt ein ansvarleg for barneidretten, dersom idrettslaget organiserer

barneidrett.

(4) Styret kan utnemne komitear/utval for handtering av kontinuerlege eller enkeltståande

oppgåver, og utarbeide mandat/instruks for dei.

(5) Styret skal oppnemne representantar til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd

dersom årsmøtet ikkje har valt representantar.

(6) Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det, eller når minst to av

styremedlemmene krev det.

§ 12 Grupper

(1) Årsmøtet i idrettslaget kan vedta å opprette og leggje ned grupper, og korleis dei skal

organiserast og leiast, eventuelt delegere dette til styret.

(2) Dersom årsmøtet i idrettslaget ved behandlinga av organisasjonsplanen har vedteke å

opprette grupper med gruppestyre, gjeld følgjande for idrettslag med omsetnad og

medlemstal over terskel fastsett av Idrettsstyret:

a) Kvar gruppe skal ha eit gruppestyre på minst tre medlemmer. Gruppestyret blir

valt på årsmøtet eller blir utnemnt av styret etter fullmakt frå årsmøtet.

b) Gruppa bør ha minst eitt årleg møte der gruppa diskuterer økonomien i gruppa og

aktiviteten i gruppa, foreslår kandidatar til gruppestyret og dessutan gir eventuelle

innspel til saker som blir behandla av styret eller årsmøtet.

c) Gruppestyret konstituerer seg sjølv, med mindre noko anna er vedteke av

årsmøtet eller av styret etter fullmakt frå årsmøtet.

d) Gruppestyret fastset ei eventuell årleg treningsavgift innanfor ramma av fullmakt

som er gjeven av årsmøtet eller styret.

(3) Gruppestyret eller representantar for grupper kan ikkje inngå avtalar eller på annan måte

forplikte idrettslaget utan fullmakt frå hovudstyret eller årsmøtet, og innanfor dei

rammer som er fastsette av styret eller årsmøtet.

§ 13 Lovendring

For reglar om lovendring gjeld NIFs lov § 2-2.

§ 14 Oppløysing, utmelding m.m.

(1) Idrettslaget kan vedta oppløysing

a. ved eit einstemmig vedtak om oppløysing på årsmøtet, eller

b. ved å vedta oppløysing med 2/3 fleirtal på to påfølgjande årsmøter, der det

etterfølgjande årsmøtet må haldast minimum tre månader og maksimum 6 månader

seinare.

Ein føresetnad for eit gyldig vedtak om oppløysing er at idrettslaget skriftleg varslar

idrettskrinsen og særforbundet seinast 14 dagar før årsmøtet til idrettslaget behandlar

forslag om oppløysing.

(2) Samanslutning med andre idrettslag blir ikkje rekna som oppløysing av idrettslaget.

Vedtak om samanslutning eller utmelding frå særforbund, og nødvendige lovendringar i

tilknyting til dette, må gjerast med 2/3 fleirtal av årsmøtet.

(3) For reglar om utmelding og tap av medlemskap i NIF gjeld NIFs lov § 10-2.