[email protected]


Logo
Bli medlem
Om Eldar
Custom image

Trygg idrett og varsling

Eldar IL skal vera ein trygg og inkluderande arena for alle. Me aksepterer ikkje mobbing, diskriminering, trakassering, vald, overgrep eller andre kritikkverdige forhold.

Alle som opplever eller får kjennskap til slike forhold, vert oppmoda om å seia frå.

Kva kan du varsla om?

Du kan varsla om forhold som bryt med idretten sine lover, reglar eller etiske retningslinjer, mellom anna:

  • Mobbing, trakassering eller diskriminering
  • Vald, truslar eller seksuelle overgrep
  • Uakseptabel åtferd frå trenarar, leiarar eller andre
  • Økonomisk misleghald eller andre brot på regelverket

Du treng ikkje vera sikker på at noko kritikkverdig har skjedd for å ta kontakt.

Korleis varslar du?

Du kan varsla munnleg eller skriftleg til ein av dei varslingsansvarlege i Eldar IL:

Isak Hommedal - styreleiar

Telefon: 918 76 590

Anita Halrynjo Lunde - varslingsansvarleg

Du vel sjølv kven du ynskjer å kontakta. Dersom varselet gjeld ein av dei varslingsansvarlege, kan du kontakta den andre. Gjeld varselet begge, kan du kontakta eit anna medlem av hovudstyret.

Du kan også varsla anonymt, men det kan gjera det vanskelegare å følgja opp saka.

Er du barn eller ungdom, kan du snakka med ein vaksen du stolar på.

Dersom du er usikker på korleis du bør gå fram, kan du få råd og rettleiing frå Vestland idrettskrets.

Korleis vert varselet behandla?

Me tek alle varsel på alvor og sørgjer for forsvarleg behandling.

  • Varselet vert vurdert og følgt opp av habile personar.
  • Opplysningane vert behandla fortruleg og berre delte med dei som treng dei for å handsama saka.
  • Dei involverte får høve til å forklara seg og skal takast vare på.
  • Hovudstyret har det overordna ansvaret for behandlinga av varslingssaker.

Dersom varselet gjeld styremedlemmer, skal dei involverte ikkje delta i behandlinga. Ved behov kan me søkja råd og rettleiing frå Vestland idrettskrets.

Ved mistanke om alvorlege straffbare forhold bør politiet kontaktast. Ved akutt fare, ring 112.

Meir informasjon

Les meir om trygg idrett og varsling hjå Noregs idrettsforbund.