Treningsavgift, cupar og kurs
Treningsavgift
Alle spelarar må vere medlem i Eldar. Dette er viktig då forsikringa berre gjeld dei
som er medlemer. For å melde deg inn, trykk her: https://medlemskap.nif.no/Start/Index/25331
Det er ynskjeleg at alle registrerer seg i Min idrett.
Treningsavgift kjem i tillegg og er for sesongen 2025:
Barnefotball (til og med 12 år): 600 kr
Ungdomsfotball (frå og med 13 år): 900 kr
Ungdomsdommarar: Nokre lag har i år ungdomstrenar, på dei laga det gjeld
vert kvar spelar belasta med 750kr i trenarhonorar.
Treningsavgifta vert nytta til å dekke kostnadar laget har med påmelding, forsikring, drift og vedlikehald av anlegget.
Om de har spørsmål om treningsavgift ta kontakt med Lisbet Hirth (leiar i fotballstyre).
Om de har spørsmål om medlemsskap ta kontakt med Isak Hommedal (leiar i hovudstyre).
Kurs og cupar:
Eldar betaler lagspåmeldinga til alle cupar, men spelarane må sjølve betale
deltakarkort. Dette gjeld mellom anna Voss Cup, Ål cup, Lærum cup og Eidfjord
småbanecup. Påmeldinga er bindande for desse cupane. Hugs at de som foreldre
sjølve er ansvarlege til å avmelde spelarar innan betalingsfristen.
Eldar betaler alle kurs, til dømes dommarkurs, keeperskule eller liknande.