Tennis
Me ønskjer å vidareutvikla tennisaktiviteten på Framnes og leggja til rette for eit aktivt tennismiljø på Vossestrand.
Bruk av tennisbana
Tennisbana på Framnes er open for alle og heilt gratis å bruka. Det er inga bookingordning - er bana ledig, er det berre å spela! Me oppmodar alle til å kosta bana etter bruk og sørgja for at linjene ligg riktig plassert før ein går.
Strandameisterskapet i tennis
Laurdag 10. oktober 2026 vart Strandameisterskapet arrangert for første gong sidan 1999.
Hilde Skjervheim vann kvinneklassen, medan Jon Håkon Anthun gjekk til topps i herreklassen. Planen er at Strandameisterskapet skal bli ei årleg turnering som markerer avslutninga på tennissesongen.
Bli med!
Har du lyst til å spela tennis eller bidra til vidare utvikling av anlegget? Bli med i Spond-gruppa vår! Her kan du koma i kontakt med andre tennisinteresserte og få informasjon om aktivitetar.
Kontakt
Baneansvarleg:
Jon Håkon Anthun
Telefon: 907 50 137
Spond-kode: DTLKM