Skigruppa
Eldar IL si skigruppe tilbyr aktivitetar innan langrenn, skiskyting, alpint og hopp/kombinert. Me legg til rette for eit inkluderande miljø med fokus på skiglede, meistring og fellesskap.
Aktivitetar
Skileik
Skileik er eit lågterskeltilbod for barn, der leik og aktivitet står i sentrum. Tilbodet passar spesielt godt for nybyrjarar og dei yngste.
Øvingar i balanse og grunnleggjande skiferdigheiter
Sosialt og trygt miljø
Aktivitet ein gong i veka gjennom vinteren i anlegget vårt på Framnes.
Eldar Cup
Eldar Cup er ein lokal skicup med fleire renn gjennom vinteren.
Renn i Myrkdalen, Haugsvik, Framnes og Årmotslia
For barn og unge
Fokus på deltaking og meistring
Premiering til alle
Kontakt
Kontaktperson skigruppa:
Karina Tveite
E-post: [email protected]
Tlf: 482 47 342
Skiskyting
Me har nokre aktive unge skiskyttarar som trenar saman med Voss skiskyttarlag i Herresåsen. Me har samarbeidsavtale med Voss SSL og her vert ein del av eit større skiskyttarmiljø.
Kontaktperson skiskyting:
Kjartan Ulvund
E-post: [email protected]
Tlf: 911 11 316
Alpint
Alpingruppa har treningar i Myrkdalen fjellandsby gjennom vinteren, med tilbod for dei yngste. Treningane blir gjennomførte i samarbeid med instruktørar, og gir eit trygt og sosialt tilbod med fokus på meistring og skiglede.
Kontaktperson:
Ståle Hirth
E-post: [email protected]
950 81 9023