Ski
Skigruppa i Eldar har aktivitet for både barn og ungdom gjennom vinteren. Me har tilbod innan skileik, langrenn, skiskyting og alpint.
Skileik
Skileik er eit lågterskeltilbod for dei yngste. Her får barna leika seg på ski og bli tryggare gjennom aktivitetar i hoppbakkane og skikrossløypa på Framnes.
Aktiviteten går føre seg gjennom vinteren når snøtilhøva er gode.
Hopp og kombinert
Gjennom vinteren vert det arrangert nokre hopprenn i Framnesbakkane. Her kan både barn og unge delta, og informasjon om renna vert lagt ut når dei nærmar seg.
Eldar Cup
Eldar Cup er ein lokal skiserie for barn og unge, med fire renn gjennom vinteren.
Det kostar 50 kroner per renn. Alle deltakarar får premie, og dei som deltek på heile serien får ei ekstra utmerking.
Skiskyting
Me har ikkje eiga fast skiskyttartrening i Eldar, men ungdom frå klubben kan trena saman med Voss skiskyttarlag i Herresåsen.Ta kontakt med skigruppa dersom du vil vita meir om tilbodet.
Alpint
Gjennom vinteren prøver me å få til eit alpintilbod for barn i Myrkdalen.Tilbodet vert sett opp etter interesse og kapasitet, og informasjon om påmelding og treningar vert lagt ut før sesongen.
Kontakt
Ta gjerne kontakt med skigruppa dersom du har spørsmål eller ynskjer å vera med.
Leiar i skigruppa: Karina Tveite
E-post: [email protected]
Tlf. 482 47 342