Trenar eller lagleiar?
For å sikre eit trygt og godt idrettsmiljø må alle trenarar og lagleiarar gjennom nokre enkle steg før dei startar.
1. Bli medlem
Registrer deg som medlem i Eldar IL via MinIdrett.
2. Søk om rolle i MinIdrett
Logg inn på MinIdrett og gå til:
Min side > Min profil > Roller og verv > Søk nytt verv
- Søk opp Eldar IL
- Vel riktig rolle
- Vel riktig idrettsgrein
- Send søknaden
Du kan ikkje starte i rolla før klubben har godkjent søknaden.
3. Politiattest
Etter at rolla di er godkjend i MinIdrett får du automatisk beskjed dersom du må levere politiattest.
Prosessen er enkel:
- Søk digitalt via lenka du får i MinIdrett.
- Når attesten er klar, kjem han i Digipost.
- Del attesten digitalt med Eldar IL gjennom Digipost.
Viktig:
- Ikkje send politiattesten på e-post.
- Del han berre via Digipost.
- Har attesten merknader, skal han ikkje delast. Ta kontakt med klubben.
Politiattesten har inga fast utløpsdato, men klubben kan krevje ny attest ved rolleendring eller etter lengre opphald.
4. Trenarattest
Alle trenarar skal gjennomføre trenarattesten.
Trenarar bør fullføre den delen som gjeld aldersgruppa dei trenar (gjerne alle tre).
5. Set deg inn i regelverket
Før du startar bør du lese:
- Barneidrettsbestemmelsane
- Retningslinjene for ungdomsidrett
Enkelte idrettar kan i tillegg krevje eigne kurs eller sertifiseringar.
Klar til oppstart
Du kan starte når dette er på plass:
Har du spørsmål?
Ta kontakt med leiar Isak Hommedal: [email protected] eller politiattestansvarleg: Kennet Remme: [email protected]