[email protected]


Logo
Bli medlem
Idrettar
Custom image

Rugby og flaggfotball

Rugby- og flaggfotballgruppa vår tilbyr eit ope og inkluderande aktivitetstilbod for alle som ynskjer å prøve noko nytt. Me har fokus på leik, fart, samarbeid og meistring, og alle er velkomne - uansett alder eller erfaring.

Me kombinerer touch rugby og flaggfotball i treningane våre. Begge idrettane er enkle å lære, gir mykje aktivitet og passar like godt for nybyrjarar som for dei som har drive med ballidrett tidlegare.

Touch rugby

Touch rugby er ein kontaktfri variant av rugby der spelarane stoppar motspelaren med eit lett touch i staden for takling. Spelet er fartsfylt, krev godt samarbeid og passar for alle.

Flaggfotball

Flaggfotball er ein kontaktfri variant av amerikansk fotball der spelarane stoppar motspelaren ved å dra av eit flagg i staden for å takle. Idretten er enkel å lære og passar for både born, ungdom og vaksne.

Custom image

Trening

Me trener touch rugby og flaggfotball samtidig. Aktivitetane blir tilpassa alder, erfaring og kor mange som møter opp. Om sommaren trenar med i Haugsvik, vår og haust trenar me på Seimen-bana. 

På vinteren flyttar me aktiviteten til snøen, der me spelar snørugby. Det gjev ei annleis og morosam oppleving, og er blitt ein viktig del av aktivitetstilbodet vårt.

Kven kan vere med?Alle frå 6 år – jenter og gutar, nybyrjarar og erfarne
PrisGratis
Treningstid og stadSjå Spond for oppdatert informasjon

Alle er velkomne til å prøve ei trening. Du treng ikkje erfaring eller eige utstyr.

Bli med

Den beste måten å finne ut om dette er noko for deg, er å møte opp på ei trening.

Du treng ikkje erfaring eller eige utstyr. Informasjon om treningar og aktivitetar blir delt i Spond.

Spond

  • Rugby: TRHSB
  • Flaggfotball: HXCHR

Kontakt

Leiar

Isak Hommedal

E-post: [email protected]