Rugby og amerikanske idrettar
Me tilbyr eit ope og inkluderande aktivitetstilbod for alle som ynskjer å prøva noko nytt. Me har fokus på leik, fart, samarbeid og meistring, og alle er velkomne - uansett alder eller erfaring.
Me kombinerer touch rugby, flaggfotball og ultimate på treningane våre. Alle tre aktivitetane er enkle å læra, gir mykje aktivitet og passar like godt for nybyrjarar som for dei som har drive med ballidrett tidlegare.
Touch rugby
Touch rugby er ein kontaktfri variant av rugby der spelarane stoppar motspelaren med eit lett touch i staden for takling. Spelet er fartsfylt, krev godt samarbeid og passar for alle.
Flaggfotball
Flaggfotball er ein kontaktfri variant av amerikansk fotball der spelarane stoppar motspelaren ved å dra av eit flagg i staden for å takle. Idretten er enkel å læra og passar for både born, ungdom og vaksne.
Ultimate
Ultimate er ein lagidrett med frisbee, der målet er å spela disken framover på bana og ta imot han i motstandaren si endesone. Ein kan ikkje springa med disken, og spelet byggjer på pasningar, rørsle og samarbeid.
Trening
Aktivitetane blir tilpassa alder, erfaring og kor mange som møter opp. Om sommaren trenar me i Haugsvik, vår og haust trenar me på Seimen-bana.
På vinteren flyttar me aktiviteten til snøen, der me spelar snørugby. Det gjev ei annleis og morosam oppleving, og er blitt ein viktig del av aktivitetstilbodet vårt.
| Kven kan vera med? | Alle frå 6 år – jenter og gutar, nybyrjarar og erfarne |
|---|---|
| Pris | Gratis |
| Treningstid og stad | Sjå Spond for oppdatert informasjon |
Bli med
Den beste måten å finne ut om dette er noko for deg, er å møta opp på ei trening.
Du treng ikkje erfaring eller eige utstyr. Informasjon om treningar og aktivitetar blir delt i Spond.
Spondkode: TRHSB
Kontakt
Leiar
Isak Hommedal
E-post: [email protected]