Rugby og amerikanske idrettar
Me har eit ope aktivitetstilbod med touch rugby, flaggfotball og ultimate. Tilbodet passar både for dei som aldri har prøvd idrettane før og dei som har erfaring frå andre ballidrettar.
Touch rugby
Touch rugby er ein kontaktfri variant av rugby der spelarane stoppar motspelaren med ei lett berøring i staden for takling. Spelet er fartsfylt og legg vekt på samarbeid, pasningar og rørsle.
Flaggfotball
Flaggfotball er ein kontaktfri variant av amerikansk fotball der spelarane stoppar motspelaren ved å dra av eit flagg i staden for å takla. Idretten er enkel å læra og passar for både ungdom og vaksne.
Ultimate
Ultimate er ein lagidrett med frisbee, der målet er å spela disken framover på bana og ta imot han i målsona. Ein kan ikkje springa med disken, og spelet byggjer på pasningar, rørsle og samarbeid.
Trening
Aktiviteten er tilpassa alder og erfaring, og du kan vera med utan forkunnskapar.
Om sommaren trenar me i Haugsvik, medan treningane vår og haust går føre seg på Seimen-bana. Om vinteren flyttar me aktiviteten til snøen når det er mogleg.
Informasjon om treningstider og aktivitetar vert delt i Spond.
Bli med
Den beste måten å finna ut om dette passar for deg, er å koma og prøva ei trening.
Du treng ikkje erfaring eller eige utstyr. Ta kontakt, så hjelper me deg i gang.
Spond-kode: TRHSB
Kontakt
Kontaktperson: Isak Hommedal
Tlf: 918 76 590
E-post: [email protected]