[email protected]


Logo
Bli medlem
Klubbinfo

Retningslinjer for utdeling av stipend og pokalar

Statuttar for idrettsstipend

1. Idrettsstipend kan tildelast den utøvar som siste året har vist stor treningsiver,

framgang og interesse for å satsa vidare.

2. Aktuelle kandidatar er idrettsungdom frå klasse 15 år.

3. Det bør utdelast 2 stipend pr. år. Begge kjønn bør vera mellom dei som får tildelt

stipend.

4. Stipend som ikkje vert utdelt eit år skal overførast til neste år. Det skal avsetjast

midlar til stipend kvart år.

5. Kvart stipend er på kr. 5000. Dersom det ikkje blir utdelt stipend eit år, kan

stipendnemda auka summen eller dela ut fleire stipend komande år. Stipendet skal

ikkje overstige 10000 kr.

6. Stipendet vert utdelt på årsmøte/årsmøtefesten.

7. Den/dei som vert tildelt Eldar IL. Idrettsstipend skal representera Eldar IL året etter

stipendet er utdelt. Går mottakar over til eit anna lag, skal stipendet attendebetalast.

8. Stipendnemnda skal vera samansett av: Leiaren i hovudstyret og leiarane i kvar av

dei gruppene som driv konkurranseidrett. Kvart gruppestyre kan koma med framlegg

om kandidatar til sin gruppeleiar. Stipendnemnda gjev innstilling til hovudstyre i laget

før årsmøtet.

9. Statuttane- og seinare endring i statuttane skal godkjennast med vanleg fleirtal på

årsmøtet.

10. Statuttane er godkjende og vedtekne på årsmøtet i I.L. Eldar 6.11.94. Statuttane vart

oppdatert og godkjende ved årsmøtet 17.03 2021

Beste idrettsjente og gut

Styret i Eldar IL har vedteke at det frå og med 1992 og for framtida skal utnemnast

den beste idrettsjenta og guten i laget for sesongen som har gått. Vedtektene vart

oppdatert ved årsmøte 17.03.2021.

Grunnideen med ei slik ordning og markering, er å stimulera idrettsutøvarar til vidare

satsing innanfor ein eller fleire idrettar.

Dette skal skje etter visse kriterium. Som prov på dette, skal den aktuelle

idrettsutøvaren få overrekt ein pokal – vandrepokal. Kunngjeringa og overrekkinga

skal finna stad på årsmøtet.

Styret skal innhente framlegg hjå dei ulike oppmennene i dei aktuelle særidrettane og

tek den endelege avgjerda på siste styremøte før årsmøtet.

Fylgjande kriterium vert lagde til grunn for utnemninga:

• At utøvaren fyller 13 år det kalendaråret årsmøtet vert halde for

• Prestasjonar/Plassering/Framgang

• Høvisk og fin framferd så vel på trening som på konkurransar/stemner/reiser,

er representativ for laget.

• Syner treningsvilje/ -iver, innsats.

Hordalandspokalen

Hordaland-pokalen er ei utmerking som kan delast ut årleg til ein idrettsutøvar som viser særskild potensiale, interesse og resultat i sin idrett. Den skal vera med å auka utøvaren sin motivasjon til å satsa vidare på idretten sin og vera ei stadfesting på at Eldar IL også ser toppidrett som ein viktig faktor i deira arbeid for aktivitet i lokalsamfunnet. Den skal delast ut under årsmøtet i Eldar IL.

Avisa Hordaland tildeler vinnaren eit stipend stort kr. 1000,-

Fylgjande skal leggjast til grunn for tildelinga:

Utøvaren skal vera medlem i Eldar IL og representera laget i alle konkurransar og all trening i sin idrett.

Utøvaren skal visa høvisk åtferd og høg sportsleg moral i all si ferd.

Utøvaren kan vinna utmerkinga frå den sesongen/året ho/han fyller 15 år til den sesongen ho/han fyller 18 år.

Utøvaren skal kunna visa til gode resultat i store nasjonale konkurransar.

Pokalen er ein vandrepokal og vert vunnen for eitt år. Utøvaren får ein mindre premie til odel og eige som stadfesting på utmerkinga.

Hovudstyret i IL Eldar avgjer kvart år om utmerkinga skal delast ut og til kven. Utvala i laget har høve til å koma med framlegg til kandidatar.