Om Eldar
Reisestøtte
Me ynskjer å støtta aktive utøvarar som har ekstra utgifter til reiser og konkurransar.
Kven kan søkja?
Aktive medlemmer i Eldar IL kan søkja om reisestøtte.
Kva kan du få støtte til?
- Reiseutgifter
- Overnatting
- Utgifter til deltaking i renn og konkurransar
Det vert ikkje gjeve støtte til kjøp av utstyr.
Kor mykje kan du få?
Du kan søkja om inntil 10 000 kr etter avslutta sesong, basert på dokumenterte utgifter.
Slik søkjer du
Send ein søknad til [email protected] etter avslutta sesong.
Søknaden må innehalda ei oversikt over utgiftene og dokumentasjon i form av kvitteringar eller tilsvarande.