[email protected]


Logo
Bli medlem
Om Eldar
Custom image

Politiattest

Eldar IL skal vera ein trygg og inkluderande arena for alle. Difor krev me politiattest av alle som har eit tillits- eller ansvarsforhold overfor barn og unge eller personar med utviklingshemming. Kravet er fastsett av Noregs idrettsforbund og gjeld alle idrettslag.

Kven må levera politiattest?

Alle frå fylte 15 år som har slike oppgåver, må levera politiattest. Dette gjeld mellom anna:

  • Trenarar og hjelpetrenarar
  • Lagleiarar og aktivitetsleiarar
  • Styremedlemmer og andre med tilsvarande ansvar

Kravet gjeld både frivillige og løna personar. Personar under 15 år kan ikkje få politiattest.

Slik går du fram

  1. Registrer rolla di. Logg inn på Min idrett, gå til «Roller og verv» og vel «Søk om ny rolle». Finn Eldar IL og vel aktuell rolle. Gje beskjed til politiattestansvarleg når du har søkt. Du kan også få rolla tildelt av klubben.
  2. Gje samtykke. Når politiattestansvarleg har behandla rollesøknaden og stadfesta formålet, får du beskjed på e-post og i Min idrett. Er du under 18 år, må også ein føresett samtykkja.
  3. Søk om politiattest. Vel «Start søknad» i Min idrett og fullfør søknaden hjå politiet innan fire veker.
  4. Motta attesten. Du får han i den digitale postkassen din eller per post.
  5. Del attesten. Opna «Forespørsel om deling av politiattest» i Digipost og vel «Del dokument». Har du ikkje Digipost, avtalar du fysisk framvising med politiattestansvarleg.

Viktig informasjon

  • Du kan ikkje byrja i rolla før ein merknadsfri politiattest er kontrollert og rolla godkjend.
  • Ikkje send attesten på e-post. Digital deling skal berre skje gjennom delingsførespurnaden i Digipost.
  • Attestar med merknader skal ikkje delast digitalt. Du kan då avslå rolla i Min idrett utan å oppgje grunnen.
  • Ved første framvising bør attesten ikkje vera eldre enn tre månader. Originalattestar eldre enn fem månader kan ikkje registrerast i den digitale politiattesttenesta.
  • Attesten har inga fast utløpsdato ved samanhengande verv. Ved opphald frå verv i idretten på meir enn fem månader må ny attest leverast dersom rolla krev det.
  • Nye roller i same idrettslag krev normalt ikkje ny attest. Attestar frå andre idrettslag eller arbeidsgjevarar kan ikkje brukast direkte hjå oss.

Me lagrar ikkje sjølve attesten, berre at ein merknadsfri attest er framvist.

Meir informasjon finn du i NIF si rettleiing for politiattest.

Kontakt

Har du spørsmål eller treng hjelp, ta kontakt med politiattestansvarleg.

Kennet Remme

E-post: [email protected]

Telefon: 948 05 902