[email protected]


Logo
Bli medlem
Om Eldar

Ny som frivillig?

Før du tek til i rolla di, er det nokre enkle steg du må gjennom. Her finn du det du treng for å koma i gang som trenar, lagleiar eller annan frivillig.

1. Bli medlem

Du må vera medlem i Eldar IL. Dersom du ikkje er medlem frå før, kan du melda deg inn her.

2. Søk om rolle i Min idrett

Logg inn på Min idrett og gå til «Roller og verv» og «Søk om ny rolle».

  1. Søk opp Eldar IL.
  2. Vel riktig rolle og idrettsgrein.
  3. Send søknaden.

Du kan også få rolla tildelt av klubben.

Dersom rolla krev politiattest, må du gje beskjed til politiattestansvarleg når du har søkt, slik at søknaden kan behandlast.

3. Politiattest (dersom rolla krev det)

Alle frå fylte 15 år som har eit tillits- eller ansvarsforhold overfor barn og unge eller personar med utviklingshemming, må levera politiattest.

Du kan ikkje byrja i rolla før ein merknadsfri politiattest er kontrollert og rolla godkjend.

Les meir om politiattest og korleis du søkjer.

4. Trenarattest

Alle trenarar skal gjennomføra Trenarattesten. Han er digital og gratis.

Vel den versjonen som passar aldersgruppa du trenar. Har du gjennomført rett versjon tidlegare, treng du ikkje ta han på nytt.

Gjennomfør Trenarattesten.

5. Gjer deg kjend med regelverket

Før du startar, skal du gjera deg kjend med relevante reglar og retningslinjer:

Enkelte idrettar kan i tillegg krevja eigne kurs eller sertifiseringar.

Klar til oppstart?

Du kan starta når dette er på plass:

  • Medlemskap registrert
  • Rolle godkjend i Min idrett
  • Politiattest framvist og registrert (dersom rolla krev det).
  • Trenarattest gjennomført (dersom du er trenar)

Kontakt

Styreleiar - Isak Hommedal

[email protected] | 918 76 590

Politiattestansvarleg - Kennet Remme

[email protected] | 948 05 902