Allidrett
Produktivt møte med Høgre
Forfatter: Isak Hommedal
01. oktober 2021
Forside
Kjekk omvisning og gode tilbakemeldingar
Vossestrand Grendautval og Eldar IL har byrja å invitere dei ulike partia til å gjennomføre gruppemøte sitt på Oppheim Skule. Me kjem til å få vitjing av fleire parti i veka som kjem, men aller fyrst ute var Voss Høgre. Dei fekk ein god presentasjon og omvisning av både barnehagedelen og STAS-delen av Joar Bidne Horvei , Isak Hommedal og Vegard Ulvund. Me fekk ein del innspel og me vil sei at det var eit særs produktiv møte. Veldig kjekt å presentere prosjektet vårt til ei så engasjert partigruppe. Desse stilte for Voss høgre: Sveinung Rieber, Iril Schau Johansen, Kathrine Matthiessen, Svein Erik Burud og Daniel Lund Imani.