Eldar J12 søkjer trenarar
Forfatter: Isak Hommedal
03. november 2026
Eldar J12 søkjer trenarar
Eldar IL har ein flott jentegjeng som skal ta steget opp i J12-klassen neste sesong. No søkjer me ein eller to trenarar som har lyst til å vera med og utvikla laget vidare.
Laget består av 12 jenter fødde i 2014, 2015 og 2016. Gjennom det siste året har jentene utvikla seg både sportsleg og sosialt, og dei har vorte ein samansveisa gjeng med mykje speleglede og godt samhald.
For å kunna vidareføra det gode miljøet treng laget no ein eller to trenarar. Den noverande trenaren kan bidra i ein overgangsperiode fram til april, slik at nye trenarar får ein god start.
Har du lyst til å bidra?
Du treng ikkje melda deg åleine. Kanskje er de to som kunne tenkt dykk å dela på trenaransvaret?
Det vert gjeve honorar etter avtale.
Me vil gjerne høyra frå deg, anten du sjølv er interessert, eller kjenner nokon som kunne passa til oppgåva.
Ta kontakt med Marte Hustavenes på telefon 915 88 174 for meir informasjon eller for å melda di interesse.
Me håpar nokon har lyst til å bli med og leggja til rette for vidare fotballglede hjå denne flotte jentegjengen!