Allidrett
Rekordoppmøte på Seimen-banen
Forfatter: Isak Hommedal
03. mai 2022
Forside
Kvar tysdag på Sundve klokka 1930
Endeleg var snøen vekke og bana klar til bruk. Veldig kjekt at så mange møtte opp på fyrste trening og ekstra kjekt at så mange unge har lyst til å prøva ut rugby.
Det vart ei god økt med ein del spel, men også nokre gode taklingsøvingar. Pierre fekk også lært oss mykje om rucks og me har mykje å bygga vidare på.
Neste trening vert på Bjørgum klokka 1900, før me er tilbake på Seimen-banen 1930 neste tysdag. Treningane er open for alle som ynskjer å prøve ut rugby!