Kontakt
Til minne om Kong Harald
Forfatter: Isak Hommedal
30. august 2026
Administrasjon
Til minne om Kong Harald
Me minnest Kong Harald med stor respekt og takksemd.
Gjennom eit langt liv var Kong Harald ein tydeleg støttespelar for norsk idrett, og viste eit sterkt engasjement for både topp- og breiddeidretten.
I tråd med retningslinjene frå Norges idrettsforbund vil aktivitet og arrangement i laget gå som normalt, så sant lag og arrangør ynskjer å gjennomføra. Det kan samstundes vera aktuelt å markera Kongens bortgang, til dømes med eitt minutts stille før arrangement.
Me lyser fred over minnet hans.