Er E-Sport noko å satsa på for Eldar IL?
Forfatter: Isak Hommedal
12. november 2021
9.klassen ved Vossestrand BUS er på saken! Torsdag vitja dei Lasse og Are i GG Sogndal.
E-Sport er gaming tatt på alvor. Eldar ynskjer å satse på dette og legge til rette for at våre medlem skal få eit tilbod og høve til å satse på E-Sport.
Me ynskjer å etablere dette i Strondè Aktivitetsstova(STAS) på Oppheim. Der kan ein lett kombinere dette med fysisk aktivitet, noko som krevst for å hevde seg på toppnivå i E-Sport.
Gjennom prosjektet Lektor 2 har 9.klassingane fått i oppgåve av Eldar IL å laga marknadsundersøking og legge fram ein økonomisk plan for å få det til. Torsdag var me på vitjing hjå Good Gaming Sogndal, der fekk ungdommane sjå korleis det går ann å lage til rom for E-Sport.
På førehand hadde dei delt seg inn i grupper og laga spørsmål. Lasse og Are jobbar som instruktørar og svarte så godt dei kunne på alle spørsmåla dei fekk. I tillegg fekk både ungdomar og leiar i idrettslaget prøve forskjellige spel som det vert konkurrert med i E-Sport. Det vart ein inspirerande studietur og eg er viss på at dei har fått mykje å arbeida vidare med.
Resultata av undersøkinga skal dei legge fram på hovudstyremøte til Eldar 22.nov, det vert spennande å sjå kva for konklusjonar dei har.