Mike Pride kjem til Seimen-bana for å kickstarte rugbysatsinga vår
Forfatter: Isak Hommedal
25. november 2021
Assistenttrenaren til rugbylandslaget kjem for å læra oss opp i sporten
Fyrstkomande laurdag klokka 12:00 får me sjølvaste Mike Pride (han på bilete) på besøk til Seimen-bana.
Det er ganske sprøtt at eit av dei største namna innan rugbysporten i Noreg vert med på oppstarten av rugbygruppa vår.
Mike bur no i Vik og er assistentrenar for landslaget. Han har lang spelarerfaring og har spelt for ganske store klubbar i England, Wales og Noreg. I Noreg har han spelt for Bergen RK, Haugesund Sea Eagles og for Trondheim RK.
Kjærleiken har teke han til Vik og nyleg starta han opp Sogndal Rugbyklubb. No tek han altså turen over Vikafjellet til oss, det er ei sann glede å ynskje han hjarteleg velkomen!
Eg har sjølv fått vore med Mike på ei trening i Sogndal og er veldig imponert over opplegget hans. Eg hadde aldri spelt rugby tidlegare, men det vart ikkje forventa heller. Dette er ein trygg introduksjon til ein spennande idrett, som har fått altfor lite merksemd i Noreg. Her må strendingane kjenne si besøkelsestid og blir det ein suksess kjem sikkert Mike attende fleire gonger.
Siste helga i mars vert det arrangert snørugby NM i Myrkdalen og det er litt av bakgrunnen for at me no startar opp med rugby. Me satsar på å stille lag for både menn og kvinner der. Me håpar å få til rugbytreningar kvar helg framover mot meisterskapet på heimabane.
Kriteriar for å bli med:
Arrangementet er gratis og open for alle over 16 år
Det krevst inga rugbyerfaring
Vilje til å prøve noko nytt
Send ein mail til [email protected] eller send sms til 91876590 (Isak).
Maksimum 25 deltakarar, fyrste mann til mølla prinsippet.