[email protected]


Logo
Bli medlem
Allidrett

Eldar 8 - Bønes 2

Forfatter: Isak Hommedal

29. oktober 2022

Forside
News article image

Råsterk siger av gutelaget på heimebane

I dag hadde gutane verkeleg dagen og slo Bønes 2 med overbevisande siffer. Tre kjappe mål i starten av kampen sette standarden, men utover i fyrste omgang kom Bønes meir med i kampen. Dei vart det førande laget ut omgangen og fekk redusert to gonger til 3-2. Det var eit nervøst Eldar-lag som gjekk av bana til pause.

Ikkje veit eg kva som vart innteke eller sagt av trenarduoen Almeland/Dregelid, men det vart heilt andre takter i andre omgang. Fullt trøkk frå fyrste spark og Eldar fekk mål etter mål. Dei stogga ikkje før det stod 8-2 og ein forfjamsa Bønes-keeper var nok glad for at dommaren blas av kampen.

Ein herleg kamp av Eldar og me gler oss til neste kamp.

Heia Eldar!