[email protected]


Logo
Bli medlem
Allidrett

Eldar Jenter 14 tok bronse i A sluttspelet på Lerum cup i Sogndal

Forfatter: Agnete Hommedal Gilbakken

25. juni 2023

Forside
News article image

Det vart 3. plass!

Eldar Jenter 14 tok ein sterk 3.plass i A-sluttspelet på Lerum cup i Sogndal i helga. Heimelaget Sogndal tok gull og Førde sylv. Eldar leia lenge 2-1 over Førde i semifinalen på Fosshaugane stadion, men måtte gje tapt siste 5 minuttar og då enda kampen 2-4 til Førde.

Då vart det bronsefinale mot Masfjorden på banane i Hafslo. Jentene gjekk ut med god motivasjon om å vinna i sommarvarmen! Masfjorden scora fyrste målet, før Eldar utelikna. Deretter klarde Eldar å scora att rett før pausen. 5 minutt inn i andre omgang vart det dramatikk då keeperen til Eldar vart utvist etter ein litt uheldig takling og jentene måtte få inn ny keeper og spela med ein mindre på bana resten av kampen…

Dei stod i mot presset frå Masfjorden og vann til slutt 2-1. HURRA for flinke Eldar jenter som også hadde lånt 4 spelarar frå Voss for å kunne stille 9’ar lag i cupen!! Tusen takk for at Vossajentene var med oss, me har storkosa oss saman🤩