Macron ny utstyrsleverandør for Eldar IL
Forfatter: Isak Hommedal
09. september 2022
Klubbkveld med gode rabattar på Oppheim skule onsdag 14.09 klokka 19:00
Eldar har inngått ein femårig utstyrsavtale med klesleverandøren Macron. Ved å inngå ein avtale direkte med produsent og distributør, så sikrar me at våre medlem får ekstra gode prisar på kvalitetsklede og me får til ein felles uniformering på tverrs av idrettane våre.
På onsdag kickstartar me samarbeidet med Macron. Dei tek turen til Oppheim skule og der får de høve til å prøve og kjøpe den heilt nye Eldar kolleksjonen, til ekstra hyggelege prisar! Denne kvelden får me 40% på Eldar-kolleksjonen.
Det har også blitt oppretta nettbutikk: https://eldar.macron.no/klubbshop der får du alltid 30% på både Eldar-klede og heile Macron sortimentet.
Nokre av produkta du kan kjøpe på onsdag(Prisen er oppgitt med 40% rabatt) :