Strondè 4 Flaktveit 4
Forfatter: Isak Hommedal
05. september 2021
Tøffe tak og god underhaldning på Seimen - Bana I kveld
Stronde FK 4
Flaktveit 4
Note: Match report is in Norwegian but the rankings is done in English for our international followers.
Fotballen er tilbake på Seimen-banen og for eit comeback! Eg trur me lyt starta å ta betalt for kampbillettane, slik underhaldning er det for generøst av oss å gje vekk gratis.
Strondè tek tidleg leiinga ved Sander. Like etterpå klinkar Kennet den i vinkelen. 2-0!
Ein solid start og god leiing. Det vert for mykje av det gode for strendingane og me slappar av etter den siste skåringa. Det vert me brutalt straffa for og resten av omgangen vert me overkøyrd. Øystein lyt plukka tre ballar ut av nettet og me ligg under til pause.
Andre omgang vert veldig urytmisk av begge lag. Flaktveit utnyttar ein teljefeil bak hjå oss, og går opp til 4-2. Dette er i ferd med å rakne for oss. Når desperasjonen er som størst, vel Isak å setja seg sjølv på topp. Det funkar ikkje I det heile, sjølv om Emil klarar å redusere til 3-4, med eit knallhardt skot midt i mål.
Isak går av bana og inn kjem Ingvar. Det vert det desidert beste byte i kampen. Ingvar får eit langt oppspel og flikkar den roleg i mål. Me får med oss eit deilig uavgjort resultat og Ingvar skriv seg inn i Strondè - historia med gullskrift. Han søv nok godt i kveld, Ingvar.