Flott dag med ekta snjorugby
Forfatter: Isak Hommedal
04. desember 2021
Flotte nye ballar frå Norges Rugbyforbund og lovande tendensar av Egdetveit-brørne
Det har snjoa akkurat passeleg i det siste, så denne gongen var bana perfekt for snørugby. I tillegg tok Mike Pride nok ein gong turen over Vikafjellet for å trena med oss. Me kunne ikkje fått betre opplæring!
Marius, Øyvind, Sveinung og Johannes fekk prøva snørugby for fyrste gong, men det såg jammen ikkje slik ut på bana. Dei har potensiale til å nå langt, alle fire. Særskilt Johannes såg frisk ut i dag.
Dei to største talenta våre er nok likevel James og Emil. Tempo, fysikk og akkurat passeleg med temperament gjer at dei ser ut som stjernespelarar, i alle fall for mine utrente auge. Emil er berre 22 år og jobbar han målretta, så er faktisk ikkje landslaget utanfor rekkevidde på sikt...
Stor takk til forbundet som har sendt over ein heil haug med rugbyballar. No har me alle føresetnadar for å levere på bana.
Neste trening vert neste helg på omtrent same tid. Her er det berre å bli med på moroa!