Om Eldar
Nye VM-meistrar i tennis!
Forfatter: Isak Hommedal
10. oktober 2026
Tennis
Nye Vossestrand-meistrar i tennis!
I strålande haustvêr vart det ein flott dag på tennisbana på Framnes, med stor tennisglede og mange jamne og intense kampar.
Etter 27 år utan strandameisterskap i tennis var det endeleg klart for ei ny turnering. Hilde Skjervheim gjekk til topps i kvinneklassen, medan Jon Håkon Anthun var best av karane. Me gratulerer båe Vossestrand-meistrane – eller VM-meistrane, om du vil!
Det var òg kjekt å sjå at så mange tok turen innom for å følgja kampane og slå av ein tennisprat.
Me vonar turneringa har inspirert fleire til å ta tennisbana i bruk, og at det vert mykje aktivitet på Framnes framover.
Takk til alle deltakarar og frammøtte