[email protected]


Logo
Bli medlem
Allidrett

Eldar godt representert på trenarkurs

Forfatter: Isak Hommedal

13. februar 2022

Forside
News article image

Lovar godt for framtida til rugbyen på Vossestrand

Eit viktig steg mot å etablere ein skikkeleg rugbyklubb er å få på plass kompetente og engasjerte trenarar. Rugbykrinsen arrangerte kurs på Brann stadion i helga og me har no fire nye trenarspirer som har tatt sine fyrste skritt mot ein formell rugbykompetanse.

Pierre Arnaud, James Orford, Emil Hosås og Isak Hommedal var med på ein dag med godt fagleg påfyll, leia av Karl Frisch. Me har fått mykje å bygge vidare på og me satsar på å kunne vidareutvikla rugbymiljøet på Strondè og Voss også etter snørugby - NM.

Det var også kjekt å bli betre kjend med trenarar frå Sogndal rugbyklubb og BSI rugby. Me gler oss til å møta alle igjen til NM i Myrkdalen.