[email protected]


Logo
Bli medlem
Kontakt oss

Eldar IL er no medlem i NAIF

Forfatter: Isak Hommedal

15. mai 2026

Hovudstyret
News article image

Eldar IL er no medlem i NAIF

Eldar IL er no offisielt medlem i Norges Amerikanske Idretters Forbund, med aktivitet innan både flaggfotball og diskgolf.

Søknaden om opptak vart sendt inn etter at årsmøtet i Eldar IL vedtok å søkja medlemskap i forbundet.

NAIF er særforbundet for amerikansk fotball, cheerleading, disksport og lacrosse i Noreg. Medlemskapet gjev Eldar IL tilgang til kompetanse, kurs, konkurransar og vidare utvikling innan dei nye idrettane våre.

Flaggfotball har treningar på sundagar på Sundve. Flaggfotball er ein fartsfylt og enkel variant av amerikansk fotball, der ein stoppar motspelarar ved å dra av eit flagg i staden for taklingar. Idretten passar godt for både born, ungdom og vaksne.

Diskgolfbana på Framnes er framleis under utvikling, men fleire korger er alt komne opp og klare til bruk. Det er berre å ta turen innom og prøva.

Dette er eit nytt steg i utviklinga av aktivitetstilbodet i Eldar IL, og me ser fram til å byggje vidare på både flaggfotball og diskgolf på Vossestrand.

Ta kontakt med leiar Isak Hommedal dersom du ynskjer å vera med eller bidra rundt nokon av tilboda.