Viktig info om det ekstraordinære årsmøte i kveld
Forfatter: Isak Hommedal
09. desember 2021
Me tek høgde for dei nasjonale koronarestriksjonane, for å få eit trygt møte
Dei som ynskjer å møta fysisk på møtet, må registrere seg i arrangementet i Spoortz - appen på førehand, eventuelt sende mail til [email protected]
For å få tilstrekkeleg med avstand, så er det maksimum 20stk som kan møte fysisk på Oppheim. Bruk inngangen på nedsida av bygget (Inngangen nærmast Haugsvik). Ved inngangen står det handsprit og det er munnbind om du ikkje har det. Deretter går ein inn og set seg på oppmerka plass i det opne landskapet. Har du symptomar på Covid 19 eller forkjølelse o.l. held du deg heime. Følg nasjonale retningslinjer. Har du ikkje høve til å kome, men ynskjer å stemma, så kan du gje fullmakt til ein som møter.
Desse har røysterett:
Alle medlem over 15år (eller som blir 15 år i løpet av 2021).
Du må ha betalt medlemskapkontigenten og vore medlem i minimum 1 månad.
Dato: Torsdag 9. Desember 2021
Stad: Oppheim Skule kl.1900
Saksliste:
Godkjenning av dei røysteføre
Val av ordstyrar, referent og 2 til å skriva under møtereferat
Godkjenning av innkalling
Opptak av E – Sport som ny undergruppe i Eldar IL
Opptak av rugby som ny undergruppe i Eldar IL
Opptak av allidrett som ny undergruppe i Eldar IL
Nedlegging av klatring som undergruppe i Eldar IL
Velkomen til ekstraordinært årsmøte,