[email protected]


Logo
Bli medlem
Allidrett

Spennande kamp på Åstveit i dag!

Forfatter: Agnete Hommedal Gilbakken

22. mai 2022

Forside
News article image

Gutar 16 kjempa til siste slutt!!

Eldar Gutar 16 hadde ein forrykande kamp mot Tertnes i dag på Åstveit Idrettspark! Det vart mål frå start til slutt😃

Kampen starta veldig godt med scoring etter 30 sekund av Christopher Dregelid, før Tertnes utelikna kjapt knappe 20 sek seinare etter eit langspark frå kapteinen.
1-2 målet kom av Håvard Nedkvitne før Tertnes på nytt scora. På slutten av fyrste omgang fekk Tertnes enno to mål og det stod 4-2 til pause. I pausen vart laget einige om å ikkje gje seg, men kjempe seg opp att og sjå framover! Så dei gjorde! Tor Even Hole sette inn 4-3 målet, Magnus D Pedersen 4-4 og dermed vart det liv i kampen!!

Christopher Dregelid sikra leiing med 4-5 scoring før Anders Gilbakken suste inn 4-6. Eldar leda!! Tertnes fortvila. Med 10 minutt att av kampen fekk ein Eldar spelar eit gult kort og måtte ta pause i 5 minutt, likevel heldt gutane trøkket oppe. Tertnes fekk godkjent eit litt omdiskutert mål etter corner der ein Ternes spelar ligg nede for telling inne i Eldarmålet med smerter i ryggen, spelarane ropar om skade til dommar og Eldar keeper vil sjå til den skadde - og då sparkar Tertnes ballen i målet.

Alt i alt ein kanonkamp! Spennande og skikkeleg stå-på-vilje i laget💪💪💪