Viktig informasjon om medlemskonting
Forfatter: Isak Hommedal
14. januar 2025
Kontingent for 2025 er no sendt ut på mail og minidrett
Kvifor er me så tidleg ute i år?
På årsmøte i fjor vart det vedteke å endre faktureringstidspunkt til før 1.februar kvart år. Me trur det er enklare å forhalde seg til for både hovudstyret og medlemma våre.
Prisar for 2025
Pris er den same som tidlegare år: 200kr for enkeltmedlemsskap og 400kr for familiemedlemskap(inntil 8 familiemedlem). På fakturaen så blir prisen delt etter kor mange familiemedlem som står oppført, men merk at det kostar det same uansett om ein er 2 eller 8 i familien. Grunna NIF-reglement så må eit medlemskap koste minimum 50kr, så om du har fleire enn 8 stk i din familie må du ta kontakt med oss.
For å administrere ditt medlemsskap i Eldar IL, må ein ha brukar i minidrett.
Har du allereie brukar kan du logge inn her: Minidrett-Logg inn
Om du må registrere ny brukar finn du rettleiing her: MinIdrett-Ny brukar
For barn under 15år er det foreldre som må registrere barnet i MinIdrett: MinIdrett-Kven skal ha idrettens id?
Er du utanlandsk statsborgar? Følg rettleiinga her: MinIdrett-Utanlandsk statsborgar
Familiemedlemsskap
Me har gjort vårt beste for å sørge for at familierelasjonane er mest mogleg korrekt, men me veit at her er det ein del feil og manglar i registeret vårt. Det kan vera at ikkje alle ungar eller føresette har kome med i familiemedlemsskapet. Dei kan ein sjølv legge til i Minidrett: MinIdrett-Legg til barn. Dette gjeld for barn inntil 15år.
Om ein manglar nokon over 15år i familiemedlemsskapet, kan ein legge dei til her: MinIdrett-Legg til familiemedlem over 15år
Ynskjer ein å fjerna nokon frå familiemedlemsskapet gjer ein det her: MinIdrett-Fjerne familierelasjon
For familiar med t.d. skilte føresett o.l. lar me det vera opp til kvar einskild å handtere dette og organisere det slik ein sjølv ynskjer i minidrett.
Korleis melde seg inn eller ut av Eldar IL?
Eldar IL godtek inn- og utmelding i mindrett.
Innmeldingsskjema finn du her: MinIdrett-Innmelding
Melder ein inn fleire familiemedlemmar, må ein gjennomføra prosessen for kvar einskild.
Hugs å huk av for alle idrettar ein er eit aktiv medlem av.
For å melde seg ut av idrettslaget eller ein av idrettane, nytttar ein denne lenka: MinIdrett-Utmelding
Kvifor er det viktig at alle er registrert som medlem?
Alle barn som er registrert som medlem i Eldar IL har barneidrettsforsikring: Forsikring. Denne er gyldig fram til den dagen barnet fyller 13 år. For dei over 13 år er det litt ulike ordningar avhengig av kva idrett dei utøver. Fotballaga har lagsforsikring f.eks, i andre idrettar må ein gjerne betale lisens for å vera forsikra i konkurranse. Felles for alle ordningar er at ein må vera medlem i idrettslaget, viss ikkje har ein ikkje noko dekning!
Eldar får kvart år utbetalt midlar avhengig av kor mange aktive medlem ein har. Eit døme på dette er lokale aktivitetsmidlar. Då er det viktig at alle aktive medlem er registrert. NIF har definert kven som er aktive eller ordinære medlem her: Medlemmar og aktive - Kva er skilnaden?
Me ynskjer gjerne at heile familien er registrert som medlem, sjølv om ein kanskje ikkje er eit aktivt medlem akkurat no. Me er eit 100% friviljug idrettslag og er heilt avhengig av å få foreldre til å vera trenarar, lagleiarar og styremedlem for å nevna noko. Får ein ei regelmessig rolle i laget, så må ein ha medlemsskap i Eldar.
Kvifor bør ein bli medlem av Eldar IL?
Fyrst og fremst håpar me har eit aktivitetstilbod som freistar og at du finn ein aktivitet du trivst med hjå oss. På Vossestrand er omtrent all organisert aktivitet samla i eit idrettslag. Om det er ein idrett eller aktivitet du saknar, så ta gjerne kontakt med oss på [email protected], så kanskje me kan få til ei ny gruppe. Me har eit sterkt ynskje om å ha eit breitt og aktivt idrettstilbod som passar for alle.
Verdt å nevne er også denne gode avtalen me har fått med Myrkdalen Fjellheisar. Alle som er elevar på Vossestrand skule og medlem i Eldar IL får gratis sesongskort i Myrkdalen.
Har du ikkje fått tilsendt faktura for 2025?
Då er du truleg ikkje registrert som medlem hjå oss eller det er nokon andre i familien som har mottatt faktura. Det kan også vera at du er registrert med feil eller utdatert e-post adresse. Logg inn/registrer deg på minidrett for å sjekke dette.
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med oss på [email protected] om du lurar på noko! Kontaktperson er Isak Hommedal.