[email protected]


Logo
Bli medlem
Allidrett

Avisa Hordaland med stort oppslag om STAS

Forfatter: Isak Hommedal

29. september 2021

Forside
News article image

Dette er ei viktig sak for framtida til heile Vossestrand, men ikkje minst for Eldar IL.

Forslaget til Vossestrand Grendautval tek heile skulen i bruk, og for vår del sikrar me med dette at me får halde fram med dagens aktivitet, samstundes som me får plass og høve til å utvikle nye tilbod til unge og gamle i idrettslaget. Dette er ei kostnadseffektiv løysing for heradet, som sikrar ei fullverdig og varig løysing for både Eldar IL og Hauge Barnehage!

Hordaland har laga ein god og fyldig reportasje om prosjektet vårt. Sjekk også ut Facebook - sida STAS (Strondè Aktivitetsstova) og heimesida vår om du ynskjer å læra meir om prosjektet vårt!

https://www.avisa-hordaland.no/nyhende/dei-vil-ha-...