Kontrakt om framtida til Årmotslia er signert
Forfatter: Isak Hommedal
03. desember 2021
Eldar IL, Myrkdalen Løypelag og grunneigarane er samde
Isak møtte Joar Wæhle frå Myrkdalen løypelag på onsdag og signerte avtalen.
I korte trekk:
For vår del betyr avtalen at Myrkdalen Løypelag overtek eigarskapen av anlegget frå oss, men me sikrar oss bruksrett og fyrsterett for bruk av anlegget dei neste 30 åra. Myrkdalen Løypelag overtek ansvaret for vedlikehald, samstundes som dei får høve til å vidareutvikle Årmotslia for framtida. Det har teke fleire år å få på plass avtalen, men no har me fått ein avtale som me er godt nøgde med.
Her er det mange som skal ha takk for innsatsen, men særskild Lars Mørkve og Frank Georg Nummedal har lagt ned eit formidabelt arbeid for å få dette til. I tillegg så ynskjer me å takka Asbjørn Tveite, Jørn Norgård, Hilde Knapstad Tveite, Monica Ure og Frode Nummedal for deira bidrag.
For øvrig vil me oppfordra alle som nyttar Årmotslia til å verta støttemedlem av Myrkdalen Løypelag. Støttemedlemskapet vil i all hovudsak gå til drifta av anlegget og preparing av løypene. Sjekk ut facebooksida deira for meir info om dette: https://www.facebook.com/myrkdalenlangrenn