[email protected]


Logo
Bli medlem
Om Eldar

Bli med på allidrett!

Forfatter: Isak Hommedal

14. oktober 2026

Allidrett
News article image

Bli med på allidrett!

Allidrettsgruppa i Eldar IL startar opp igjen i november! Me tilbyr allidrett for born frå 3-årsalderen og opp til 4. klasse. Treningane går føre seg i gymsalen på Vossestrand barne- og ungdomsskule på Sundve.

Kva er eigentleg allidrett?

Allidrett er eit variert aktivitetstilbod der borna får prøva ulike idrettar og aktivitetar. Gjennom leik, rørsle og meistring får borna utvikla seg både fysisk, motorisk og sosialt. Målet er å skapa idrettsglede i eit trygt og inkluderande miljø.

Trenarar

I år får me med oss Eirin Ure, Amanda Hagenson, Linn Sofie Rødne og Tilde Hirth som trenarar. Dei vil fordela måndagstreningane mellom seg og leggja til rette for varierte og kjekke økter tilpassa dei ulike aldersgruppene.

Treningstider

Alle treningane er i gymsalen på Sundve.

3–4-åringar

  • Sundagar kl. 11.00–12.00
  • Fyrste trening: 1. november
  • Vaksenansvarleg: Anja Klingen
  • Føresette må vera til stades på treningane.

Førskuleborn og 1. klasse

  • Måndagar kl. 16.30–17.30
  • Fyrste trening: 2. november
  • Vaksenansvarleg: Monica Bidne
  • Føresette må vera til stades på treningane.

2. klasse

  • Måndagar kl. 17.30–18.30
  • Fyrste trening: 2. november
  • Vaksenansvarleg: Gina Ure Søtvik

3. og 4. klasse

  • Måndagar kl. 18.30–19.30
  • Fyrste trening: 2. november
  • Vaksenansvarlege: Siri Mørkve og Kari Kinden

Spond

All informasjon om treningar og aktivitetar vert delt i Spond. Me har ei felles gruppe for allidrett, med undergrupper for kvar aldersgruppe.

Last ned Spond-appen og bli med i gruppa med kode UYZTM.

Treningsavgift og medlemskap

Både born og føresette må vera medlemmar i Eldar IL for å delta på aktivitetane våre.

  • Familiemedlemskap: 500 kr
  • Treningsavgift allidrett: 200 kr

De kan melda dykk inn her: https://medlemskap.nif.no/25331

Hugs å leggja til alle i husstanden! Faktura for treningsavgifta vert send ut via Min idrett og e-post.

Me gler oss til å koma i gang igjen og håpar mange vil vera med på kjekke treningar i gymsalen på Sundve!

Vel møtt til ein ny sesong med allidrett!