[email protected]


Logo
Bli medlem
Allidrett

Bjarg 3 Eldar 4

Forfatter: Isak Hommedal

10. oktober 2021

Forside
News article image

Råsterk bortesiger for jentene!

Før kampen:
Sola skin, ganske overraskanda, på Stavollen. Lite trafikk på vegen, så turen gjekk kjapt og jentene fekk ein god time til oppvarming. Det er eit flott anlegg Bjarg har, så alt ligg til rette for flott fotball i dag!

1min:
MÅL ELDAR!
For eit treff! Kristin Knapstad Tveite knallar til frå lang avstand og ballen går i ein fin boge over keeper.

2min MÅL BJARG! 1-1Liv Andrine Flage er uheldig og set ballen i eige mål frå kort hald, etter eit innlegg frå kanten.

13min MÅL ELDAR 1-2
Fint spel ned langs venstrekanten, deretter blir den slått inn til Rannveig. Ho set ballen kontant nede i hjørna.

15min Stor sjanse! Knallskot frå Tiril, ballen treff tverrleggar, sprett ned på streken og ut. Eldar har dominert kampen, så langt!

17min MÅL BJARG 2-2
Rot i forsvaret. Tilbakespel til Ida og jentene prøver å spela seg ut, men Bjarg plukkar opp ballen og kontrar oss i senk. Slike baklengsmål må me unngå!

24min MÅL ELDAR! 2-3
I dag sit langskota! Denne gongen er det Tiril som får knalltreff frå lang ute. Herleg!

26min Stolpebonanza frå Bjarg! To skot som treff innsida av stolpen. Eldar slepp med skrekken denne gongen.

32min MÅL BJARG! 3-3
Kjem rundt på kanten og spelar oss ut. Kan til slutt trilla ballen i mål. Litt for enkelt.

40min Dommaren bles av til pause. Ein forrykande omgang, som inneheld det meste. Eldar har hatt eit spelemessig overtak, men Bjarg har vore gode på kontringar. Heilt greit at det står uavgjort.

59min Ikkje mykje som har skjedd så langt. Mykje duellar og mange feilpasningar og ingen som har heilt fått overtaket i andre omgang.

61min MÅL ELDAR! 3-4
Denne gongen er det Bjarg som prøver å spele seg ut bak. Rannveig les ein pasning og det våre jenter som tek leiinga igjen, for fjerde gong!

77min Dramatikk! Fyrst skyt Bjarg tverrliggar ned og ut. Deretter skyt Agnes via keeper, i tverrliggar og over. Store sjansar for begge lag her.

80min Kampen er over! Deilig siger, dette var kjekt!