Ny sponsoravtale med Seimen AS
Forfatter: Isak Hommedal
30. november 2021
Treårig avtale som gjev betydeleg støtte til Eldar IL
Seimen har lenge vore ein tett samarbeidspartnar for oss, og denne avtalen er med på å understreke dette samarbeidet nok ein gong. Avtalen styrkar idretten på Vossestrand og vil gjera det lettare for Eldar IL å oppretthalde, utvikle og kanskje også tilby nye aktivitetar i idrettslaget. Tusen takk!
Forresten så er er ikkje Seimen berre flinke til å støtta idretten, dei er også dyktige på alle moglege byggjeprosjekt. Ta gjerne kontakt med dei om du har noko du ynskjer å få til, men treng ein god leverandør.
I tillegg har dei ein flott butikk med eit stort utval av både byggevarer og andre varer. Det er ikkje lenger nødvendig å reisa ut av bygda for å handle jolagåver, det kan godt vera at dei har noko til heile familien hjå Montér Seimen!