[email protected]


Logo
Bli medlem
Allidrett

Storsiger i serieopninga!

Forfatter: Isak Hommedal

02. mai 2022

Forside
News article image

Ingvar i skåringsform og lovande spel av debutantane

Strondè FK - Ragnarok 5-1

Me tok tidleg styringa av kampen og det var aldri tvil om at poenga vart igjen heima på Seimen-banen. Odin Rong Dyrdal var endeleg tilbake på midtbana og starta opp målkontoen med ei iskald avslutning ved stolperota. Publikumsfavoritten Ingvar Egdetveit fylgjer opp like etterpå med to kjappe skåringar, før Kennet fastsette pauseresultatet til 4-0. Ein sterk omgang med mykje bra angrepsspel, med stor tryggleik bak. Erlend, Emil og Jonne oste av rutine og tryggleik.

I andre omgang dabber det litt av og me får eit mål i mot. Men også i denne omgangen fekk me eit mål. Tor Even Rødne Hole slår fint igjennom til Kennet Starheim Remme som iskaldt rundar keeperen og puttar dagens siste.

Håvard Nedkvitne og Magnus Dahle Pedersen får også mykje speletid og syner at dei definitivt har nivået inne. Tor Even, Magnus og Håvard har fått gradene i Eldar, så det er ekstra stas at dei no er klare for å spela litt med Strondè og.

Neste kamp er borte mot Vaksdal (på Stanghelle) 8.mai. Dette er det nærmaste me kjem lokaloppgjer i år, så me håper mange tek turen då òg!