Eldar med store planar for lokala for tidlegare Oppheim Skule.
Forfatter: Isak Hommedal
20. september 2021
Den nye samlingsplassen for idrett på Vossestrand har fått namnet STAS (Strondè Aktivitetsstova)
Eit samrøystes hovudstyre gjekk inn for arbeide for at idrettslaget får leige delar av gamle Oppheim Skule. Her er planen for å få det til:
Punkt 1: Voss Herad renoverer og pussar opp bygget.
Punkt 2: Hauge Barnehage flyttar inn og overtek omlag halve Oppheim Skule. Barnehagen treng sårt nye lokaler og skulen på Oppheim høver godt til eit slikt formål. Her får det eit flott uteområde og kan tilrettelegge barnehagen slik dei ynskjer inne. Dei får også høve til å nytte seg av ein flott gymsal.
Punkt 3: Eldar IL leiger resten av bygget frå Voss Herad. Eldar IL ynskjer mellom anna å leggje til rette for eit eige treningssenter for lagets medlem. Planen er at treningssenteret vert ei eige undergruppe i Eldar. Eldar ynskjer også å lage til kontorlokale og møterom. Det er også eit sterkt ynskje om leggje til rette for ei eiga E-Sport avdeling. Gymsalen er allereie i dag heilt naudsynt for at undergruppene får høve til å trene inn om vinteren. Gjennom ein slik avtale sikrar me framtid bruk av den.
Det er avgjerande for planen at me får Voss Herad med oss på laget. Eldar IL vil samarbeida tett med grendautvalet for Oppheim Skule for å få dette til! Det er oppretta ei eige facebook-side for STAS, gjerne gje den ein like om du tykkjer det me prøver å få til er ein god idè.
Helsing
Hovudstyret i Eldar
Grendautvalet for Oppheim Skule ved:
Alvhild Bidne
Isak Hommedal
Catrine Moberg
Joar Bidne Horvei
Vegard Ulvund