[email protected]


Logo
Bli medlem
Om Eldar

Me søkjer etter ungdomstrenarar

Forfatter: Isak Hommedal

17. september 2026

Allidrett
News article image

Me søkjer ungdomstrenarar til allidretten

Me er i gang med planlegginga av allidretten for komande sesong, og me søkjer ungdommar som kan tenkje seg å vera trenarar.

Som ungdomstrenar får du ansvar for å vera med og gjennomføre treningar for dei yngste i klubben. Dette er ei fin moglegheit til å få erfaring som trenar, ta ansvar og bidra til eit godt aktivitetstilbod for barna på Vossestrand. 

Treningane vert på måndagar mellom kl. 16.30 og 19.30. Oppstart vert etter haustferien, når fotballsesongen er avslutta, og allidretten held fram fram til vinterferien.

Oppdraget vert honorert etter avtale.

Kan dette vere noko for deg? Då vil me gjerne høyre frå deg!

Ta kontakt med leiar for allidrett Gina Ure Søtvik tlf 415 07 991/[email protected] for meir informasjon eller for å melde interesse.