Eldsjelprisvinnar Magne heidra, også av oss
Forfatter: Isak Hommedal
23. november 2021
Innsatsen Magne har lagt ned for idrettslaget og bygda Vossestrand er uvurderleg
Idretten i Noreg er i stor grad basert på friviljug arbeid og dugnadsinnsats. Me er heilt avhengige av å få fram eldsjeler for at idrettslaga skal kunne tilby eit godt og variert idrettstilbod for alle.
På Vossestrand har me vore heldige som har hatt med oss ei eldsjel av Magne sitt kaliber i så mange år. Det er sjølvsagt mange andre som har bidrege mykje for at idrettslaget vårt har blitt så bra som det er i dag, men nesten uansett kva for kriteriar ein legg til grunn, Magne vil stå i ein særklasse når historia om Eldar skal skrivast. Alle på Vossestrand kjenner til Magne og han har påverka så utruleg mange av oss til å engasjere oss i idretten. Han har bidrege sterkt for å fram aktive utøvarar, men engasjementet hans har også gjort det lettare for strendingar å engasjere seg som trenarar, lagleiarar, styremedlem og alle andre roller eit idrettslag treng å fylla.
Eg ynskjer å trekkja fram eit døme av Magne sitt engasjement for all idrett:
Under styremøte i går så bestemte me oss for å setja i gang arbeidet med å starta opp to nye undergrupper; E-Sport og rugby. Den som var flittigast til å stille spørsmål og kome med gode råd, var Magne. Eg mistenkjer at han aldri har brukt noko særleg av tida si på å spele dataspel og eg blir overraska om han har teke i ein rugbyball før, men det seier noko om ein mann som har eit levande engasjement for at dei unge skal vera aktive og sosiale. Slik idrettsglede smittar! Sjølv om han har eit stort hjarte for hopp og kombinert, så er det tydeleg at det er viktigast for Magne at alle finn ein aktivitet dei trivst med og der ein har det kjekt i fellesskap.
For meg som ein relativt ung leiar, er Magne eit stort førebilete og er veldig glad for å ha ein slik ressurs med meg i hovudstyret.
Eg ynskjer å gratulera Magne, på vegne av heile Eldar IL, så mykje som fylkesvinnar av prisen årets eldsjel. Det vert spennande å fylgja konkurransen vidare. Det er mange andre gode kandidatar som har gjort mykje for idretten andre plassar i landet, men eg har vanskeleg for å tru at nokon kan ha gjort meir enn deg. Dei må i så fall bu på ein plass der døgnet har fleire timar.
Helsing
Isak Hommedal
Leiar Eldar IL, på vegne av hovudstyret og resten av idrettslaget.