Aktivitetsdag på Vikafjellet 30/5
Forfatter: Isak Hommedal
21. mai 2025
Snørugby, skihopp og skileik på Vikafjellet
Laurdag 30.mai gjer me akkurat som i fjor og inviterer Etil aktivitetsdag på Vikafjellet med snørugby, skihopp, skileik, langrenn og randonee.
Me lagar til snørugbybane, skihopp og skileikområde rett attmed grensa mellom Voss og Vik, og ønskjer born, ungdom og vaksne velkomne til ein sosial og aktiv dag på fjellet.
Nytt av året er randonee. Me lagar til ei enkel og lita løype der alle som har lyst kan få prøva sporten i trygge og lågterskel rammer.
Ta med ski og/eller sko du kan springa i, og prøv dei aktivitetane du har lyst til å vera med på. Arrangementet passar for alle aldrar og alle ferdigheitsnivå.
Utover dagen vert det også uhøgtidelege konkurransar i fleire av aktivitetane.
Praktisk informasjon:
Oppstart: klokka 11.00
Premieutdeling: rundt klokka 14.00
Ta med eiga niste
Arrangementet er gratis
Premiar til alle, ekstra premie til den som gjer det beste samla sett i alle idrettane!
Me er høgt til fjells, så arrangementet er avhengig av nokolunde bra vêr for å kunna gjennomførast.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Eldar IL, Hordaland Skikrets og Vik IL - Rugby.