Til alle medlemmar som går på Vossestrand BUS
Forfatter: Isak Hommedal
25. november 2021
Det er framleis mange som ikkje har henta ut sesongkort i Myrkdalen
Alle elevar ved Vossestrand Barne og Ungdomsskule som er medlem i Eldar IL, får gratis sesongkort hjå Myrkdalen Fjellheisar!
Sesongkorta hentar du ut i Myrkdalstova.
Frå fyrstkomande laurdag har Myrkdalsstova ope 9-15 kvar dag framover. Når heisane opnar vert opningstidene der 9-17. Me vil gjerne oppmode dykk om å kome på tider med lite trafikk og helst før sesongstart. Me håpar at mange skiglade unge strendingar nyttar seg av det flotte tilbodet. Eg vil også minnne om alpingruppa vår, som startar opp med aktivitet kvar onsdag etter nyttår. Send gjerne ein mail [email protected] for meir info om det.
Me takkar Myrkdalen AS for at me kan tilby våre yngste eit så bra tilbod.
Til dei som går på skulen, men som ikkje er medlem i Eldar endå, så melder du deg inn her: https://www.eldar.no/portal/arego/club/959/content...