Beste 13åringar 2021
Forfatter: Alvhild Bidne
16. mars 2022
Gåvedryss på Årsmøte!
Gratulera til Agnes Gilbakken og Eirik Ulvund med veldig fortent vandrepokal for årets 13åringar 2021.
Heder og ære fann stad under Årsmøte til Eldar IL, tysdag 15mars.
Idrettslaget har i mange år gjeve pris til ei jente og ein gut i 13års klassen, som takk for flotte prestasjonar, framifrå framferd på trening og i konkurranse, og for å vera motiverte for ulike typar aktivitet og idrett i laget. Laget ynskjer og med prisen, å motivera dei til vidare satsing framover i ungdomstida.
Agnes er aktiv innan ulike aktivitetar, deriblant har ho hatt god utvikling i fotball siste åra, og er ein god støttespelar på laget.
Eirik er aktiv i både fotball og skiskyting. Han har hatt god utvikling i begge sportane, og fått gode resultat som skiskyttar. Eirik startar med skiskyting som 12åring, og har raskt synt gode resultat og framgang. Noko som syner at det aldri er forseint å byrja med idrett.
Me heiar vidare på begge to 🥳👏🥳
Det vart også delt ut stipend på 5000kr. til Tirill Ure Totland og Heine Blikberg Gjerald, for vidare satsing innan skiskyting.
Emil Hosås for satsing innan Rugby.
Heine Blikberg Gjerald har også fått Hordaland- stipendet.
Tekst frå avisa Hordaland:
"I mange år vart Hordaland-pokalen delt ut til ivrige utøvarar i Eldar. Vandrepokalen er gjort om til eit stipend på 1000 kroner. Det er lokalavisa som gjev sjekken, men det er idrettslaget sjølv om peikar ut vinnaren.
Stipendmottakaren må vera i alderen 15 til 18 år, skal visa høvisk åtferd og høg sportsleg moral. Utøvaren må også visa til gode resultat i nasjonale konkurransar."
Me ynskjer alle lukke til vidare 👏👏