[email protected]


Logo
Bli medlem
Allidrett

E-Sport og Rugby tatt opp som nye undergrupper

Forfatter: Isak Hommedal

10. desember 2021

Forside
News article image

Historiske vedtak på det ekstraordinære årsmøte

Eit einstemmig ekstraordinært årsmøte tok E-Sport og Rugby inn som offisielle undergrupper for Eldar IL.

Tidenes fyrste E-Sport styre vart konstituert og Vegard Ulvund vert leiar for gruppa. Med seg på laget får han Sturla Hommedal (kasserar og Sveinung Egdetveit (styremedlem). Det vert veldig spennande å fylgje utviklinga vidare. I fyrste omgang vert viktigste oppgåva å sikre seg leigeavtale på Oppheim Skule og setje det i stand.

Rugby vart også teke opp og her vert Roald Nåsen Neteland historisk som fyrste leiar. Isak Hommedal (Kasserar) og Sander Nåsen Neteland (styremedlem) vert også med han i styret. Det store målet for rugbygruppa er å stille lag til Snørugby NM i Myrkdalen i mars.

Elles så vart det også vedteke at aktivitetsgruppa endrar namn til Allidrett. Klatregruppa vert også nedlagt, då den ikkje har vore aktiv på fleire år.