[email protected]


Logo
Bli medlem
Om Eldar

Herrelaget avslutta med siger

Forfatter: Isak Hommedal

26. oktober 2026

Fotball
News article image

Herrelaget sette eit flott punktum for sesongen då Baune 3 vart slått 2-1 på Seimenbana under Fotballens dag laurdag.

Det vart ein spennande og dramatisk kamp, men til slutt kunne Eldar-karane jubla for tre poeng. Etter ein tung haust smakte det ekstra godt å avslutta med siger mot laget som enda på tredjeplass i avdelinga.

Eldar enda dermed sesongen på 9. plass i 7. divisjon, med 14 poeng på 18 kampar.

Heine klatrar på målstatistikken

Heine Blikberg Gjerald vart lagets suverene toppskårar med 14 mål på 15 seriekampar. Ingvar Egdetveit følgde med 6 mål, medan Olve Flage og Sander Nåsen Neteland skåra 5 mål kvar.

Med totalt 45 mål for herrelaget har Heine også klatra på den historiske målstatistikken. Han har no passert både Kurt Arild Midtun (43 mål) og Ole Henrik Jordalen (40 mål), og er dermed den niande mestskårande spelaren i herrelaget si historie.

På lista over flest spelte kampar er det framleis eit stykke opp til dei gamle heltane, men to av dagens spelarar nærmar seg ein liten milepåle. Sander Nåsen Neteland står med 66 kampar og Øystein Simonsen med 65. Dermed er det ikkje så mange kampar att før dei kan få kvar sin blomsterkvast for 75 spelte kampar!

Sjølv om resultata har variert og hausten har vore tung poengmessig, har karane halde fram med å kjempa. Det var difor ekstra kjekt å få avslutta sesongen med ein siger framfor heimapublikummet.

Me takkar spelarane, trenar Gaute Almeland og alle som har støtta herrelaget gjennom sesongen!