Kjære hyttefolk, helgesambygdingar og ferie-strendingar
Forfatter: Isak Hommedal
24. juli 2021
For oss i idrettslaget er det kjekt å sjå at de nyttar våre anlegg på fritida, anten det er på Seimen-banen, anlegga våre på Framnes, eller de er med på arrangement og liknande rundt omkring i bygda vår. Anlegga våre er bygd opp på friviljug innsats og de krevst ein del for å vedlikehalde og gjerne også oppgradere dei. Om de har lyst til å bidra litt økonomisk ved å bli støttemedlem, hadde me sett stor pris på det.
Slik går ein fram for å bli støttemedlem:
Du kan anten registrere deg på heimesida vår, www.eldar.no , trykk på bli medlem, deretter trykkjer du på innmeldingsskjema og legg inn kontaktinformasjon.
Eventuelt så kan du sende oss ein mail på [email protected]. Legg ved kontaktinformasjon (namn - e-post-telefon- bustadadresse-fødselsdato). Legg inn alle husstandsmedlem på same vis om de ynskjer familiemedlemskap. Alle som er registrert på same adresse vert registrert som familiemedlemskap. Etter at klubbadmin har godkjent det, så vil de få ein sms frå Norges Idrettsforbund, der det må leggje inn fødselsnummer. Dette vert gjort for at våre medlemstal samsvarar med det NIF har.
Pris for enkeltmedlem 200kr
Pris for familiemedlemskap 400kr
Faktura for medlemsskapet vert sendt ut på mail i ettertid.
Uansett om de ynskjer å verta medlem eller ikkje, så vil me gjerne nytta anledninga til å ynskje dykk alle ein god sommar!
Isak Hommedal
Leiar Eldar IL