[email protected]


Logo
Bli medlem
Kontakt

Ny diskgolfbane på Framnes

Forfatter: Isak Hommedal

02. september 2026

Diskgolf
News article image

Me har fått på plass ei ny diskgolfbane på Framnes. Bana består av sju hol og er open for alle som ynskjer å prøva diskgolf.

Diskgolf er ein enkel og sosial aktivitet som passar for både barn, ungdom og vaksne. Du treng berre ein disk for å koma i gang, og målet er å bruke færrast mogleg kast frå utkast til korg.

Bana ligg i området ved Framnesbakkane og er no registrert i UDisc, der du finn banekart og informasjon om hola.

Me håpar bana vert mykje brukt og kan bidra til endå meir aktivitet på Framnes.

Meir info: https://www.eldar.no/diskgolf