[email protected]


Logo
Bli medlem
Kontakt

Vil du spela tennis?

Forfatter: Isak Hommedal

02. september 2026

Tennis
News article image

Me vil få i gang tennisen på Framnes igjen!

Me har oppretta ei tennisgruppe som skal arbeida for å få meir aktivitet på tennisbana på Framnes. Første oppgåve er å kartleggja interessa for tennis på Vossestrand.

Tennisbana på Framnes har behov for oppgradering, og arbeidet med å setja bana i betre stand er allereie i gang. Målet er å leggja til rette for at både nye og tidlegare spelarar kan ta bana i bruk, og etter kvart skapa eit godt og aktivt tennistilbod.

No ynskjer me å koma i kontakt med alle som kan vera interesserte i å spela tennis, uansett alder og erfaring. Me tek òg gjerne imot hjelp frå dei som ynskjer å bidra på dugnad med arbeidet på bana.

Er du interessert, kan du bli med i Spond-gruppa eller ta kontakt med baneansvarleg.

Baneansvarleg: Jon Håkon Anthun

Telefon: 907 50 137

Spond-kode: DTLKM