Hauge Barnehage og STAS med på budsjettet for 2022
Forfatter: Isak Hommedal
17. desember 2021
Fellesframlegget til SP, SV og AP vart vedteke og me er med!
"Prosjektet med å ta i bruk og oppgradera eldre bygg må starta opp. I fyrste omgang er det flytting av Hauge barnehage til Oppheim skule med mål om ferdigstilling hausten 2023. Det må setjast av midlar til planlegging i 2022 og resterande for Oppheim skule må innarbeidast i økonomiplanen for 2023. Det skal lagast ein avtale med IL Eldar om langtidsleige av del av Oppheim skule snarast."
Henta frå protokollen til heradsstyret 16.12.2021
Det er altså sett av midlar og prosjekta våre kan kome i gang. For Eldar IL sin del betyr det at me kan kome i gang med forhandlingar om ei leigekontrakt og så snart den er i mål, så kan me byrje å realisere planane me har for E-Sport, treningsrom, gymsal, kontor og møtelokale. Dette betyr så mykje for Eldar IL og me er glad for at heradet ser kva dette kan tilføre Strondè. Me ser også fram til at Hauge barnehage får flytte inn hausten 2023, saman med dei skal me skape eit eit levande bygg for heile Vossestrand.
Oppheim Skule er ikkje lenger ein nedlagd skule og eit skal som står att frå tidlegare tider, no vert det ei levande aktivitetsstova og ein god barnehage!