Eldar startar opp med E-Sport
Forfatter: Isak Hommedal
02. desember 2021
Engasjerte ungdommar overtydde hovudstyret.
Eldar startar opp med E-Sport
Du kan allereie no bli medlem i gruppa på Spoortz og bli med på utviklinga vidare.
Bakgrunnen for at me vel å starte opp med E-Sport, er arbeidet 9.klasse på Vossestrand BUS presenterte på styremøte 22.11.
I samråd med Lektor 2 fekk dei i oppgåve av Eldar IL å finne ut om det var grunnlag for å starta opp med E-Sport. Dei vart delt inn i arbeidsgrupper og dei gjorde grundige undersøkjingar og kostnadsanalyse av prosjektet. Gruppeleiarane Jermund Ure Totland, Josefine Reed og Sigrid Sundve (alle er med på bilete) la dette fram på ein god måte.
På bakgrunn av dette, konkluderte dei med at det var grunnlag for oss å starte opp med E-Sport. Dei klarte å overbevisa hovudstyret til å satse på det, difor opnar me no opp for at alle som er interessert kan få melde seg inn i gruppa på Spoortz. I byrjinga vil me prøve å til eit tilbod som er retta mot dei i ungdomsskulealder og eldre, men dersom det er stor interesse hjå dei yngre så vil me prøva å laga til eit tilbod også for dei.
Send ein mail til [email protected] eller [email protected] om du er interessert og tips gjerne om du kjenner nokon som kan interessert i å bidra. I fyrste omgang blir det nok ein del dugnad for å få eit tilbod opp og gå, i tillegg til at me lyt få på plass ei langsiktig leigeavtale med Voss herad for å få nytta og utvikla lokala på Oppheim Skule til E-Sport.
Opprettinga av E-Sport som undergruppe vil truleg bli formelt gjennomført på det ekstraordinære årsmøte 9.12 (ligg ute som eige sak på sida vår), men det skal sjølvsagt
stemmast over. Vonar mange møter opp der!